Ingen av oss brukte seie stort slike morgonar

January 24, 2012 § 2 Comments

Veit ikkje kva det er, brukar eg seie når det er noko som ikkje flyt som det skal, når noko er litt i ulage, på hell eller murrar. veit ikkje kva det er, men sjølvsagt visste eg det den gongen, den septembermorgonen.

Lyset heng litt lenger her ute i vest, kjem tidlegare. Ho vakna først og hadde tatt på eg storskjorta mi som hang over ein stol og gått rundt i huset på bare føter. Eg vakna av kaffilukt. Vi tek det ute, sa ho og sette kneet i døra. Trammen var enno litt fuktig etter natta. Vi sette oss til campingbordet, såg utover, venta på at kaffien skulle trekke og syntest vi var heldige.

Ingen av oss brukte seie stort slike morgonar. Det var ikkje naudsynt. Så såg eg det. Eg gløtta på ho og oppdaga at ho og hadde augene den vegen. Nede ved vatnet, nesten heilt nede ved huset til Audhild og Egon, såg vi den gule krona på treet. I løpet av natta, medan vi drøymde om reiser, lange måltid, bøker vi skulle lese for kvarandre på senga om kvelden og anna snadder, hadde det skjedd. Treet hadde gått fra grønt til gult. 

Eg såg det. Ho såg det. 

Eg skjenka kaffe, ho delte eit rundstykke med berre neven og la på eit godt lag syltetøy. Vi sa ikkje noko om treet. Det var ikkje naudsynt. Vi hadde begge sett, men beit det i oss. Den morgonen lærte eg ein heil del om kva kjærleik er.

Men no? Ei uro eg ikkje kan forklara, noko som jagar rundt utan å ta heile meg med. Eg er ikkje til stades, det er alltid noko eg speidar etter, lengtar etter. Er alltid ein annan stad. Der ho er, kor det måtte vere. 

Best å seie: “Veit ikkje kva det er, men…”

Advertisements

Where Am I?

You are currently viewing the archives for January, 2012 at Heimflyttar's Blog.