Sommarprat med ein typisk varaordførar

July 10, 2012 § 2 Comments

Eg les lokalavisa kvar dag og dei tannlause sommarpratane deira. I denne serien har eg sakna ei yrkesgruppe, varaordførarane. Dei fascinerar meg. Ein varaordførar når aldri heilt opp – og han veit det.Mmen kona hans veit det ikkje. Ho har fornya tru på han kvart fjerde år. Så kva gjer han om sommaren?

– Kor går ferien?

– Ei veke i fjella. Vi har jo den vakraste naturen. Vi er eit Norge i miniatyr. Og så blir det ei veke på Lanzarote i haust.

– Kva gjer du i ferien som du ikkje gjer elles?

– Neeei, kva skal det vere. Jo, eg tek av meg klokka når ferien startar og tek ho på igjen når samfunnet kallar meg til teneste igjen. (Her må intervjuaren nemne at han er lønna i 15 pst stilling som varaordførar, resten av veka arbeider han hos kommunekasseraren)

– Øl eller vin?

– Helst vatn. Rett frå bekken. Vi har jo kortreist vatn i vår kommune.  (Her må intervjuaren legge til at varaordføraren stemte på vassverksalternativet som tapte, men han verkar glad no)

– Fisk eller kjøt?

– Begge delar (Her kunne intervjuaren nemnt fire hummarteiner og tre laksegarn som blei beslaglagde i fjor sommar, men gjer det ikkje av omsyn til folkesnakket)

– Korleis bør vi feire opninga av brua i haust?

– Med all mogleg pomp og prakt. Eg trur ungdommen kjem attende no som kommunikasjonen blir lettare. Vi er jo eit vekstområde, ein moglegheitenes kommune. Framtida blir til medan vi bygger bru over fortida.

– Kva bør vere det nye slagordet til kommunen når brua kjem?

– Bru og land, hand i hand.

– Kven vil du gi ein bukett sjølvplukka markblomar?

– Kona mi. Ho står side ved side med meg i tjukt og tynt (Her nemner ikkje intervjuaren at ho veg i overkant av 160 kilo, ifølge ei som arbeider på helsestasjonen, og ikkje har andre moglegheiter)

– Kven vil du sende ei sommarhelsing til?

– Til ungane mine. No kan de berre kome heim til moglegheitenes kommune. Vi skal starta nærinsgråd, næringspark og få det til å blomstra her ute igjen. Og det gjer vi best saman. Vi har trua, det og er mi sommarhelsing til alle innbyggarane mine.

Advertisements

Where Am I?

You are currently viewing the archives for July, 2012 at Heimflyttar's Blog.