Livet ein berre kan ane mellom linjene

November 7, 2012 § 2 Comments

Visst les eg dikt. Låner på biblioteket. Det held opent tre timar to gonger i veka. Typisk utkantbibliotek. Sikkert truga i kvart budsjettår, men det står der enno. Biblioteket ligg på andre sidan av fjorden. På klare kveldar kan eg sjå dei høge vindua i kjellaren med gult lys. Eg har hatt fantasiar om bibliotekarar. Har sett “Grabben i graven bredvid” to gonger.

Ho var ikkje der sist. Ho var ny. Ho var nytilsett bibliotekar i kommunen og håret hennar flomma over skuldrene  med eit raudleg skjær. Ho sat der aleine med ei flaske vatn, ein iphone, ein stabel bøker. Ho takka for at eg leverte, spurde kva eg syns om bøkene. 35 minutt seinare oppfatta eg at samtalen var over, men kkje kva som hadde skjedd.

Enno veit eg ikkje noko om den nye bibliotekaren, ikkje anna enn at ho heldt blikket mitt, skakka hovudet eit par gonger og var verkeleg interessert i lyrikk. Ikkje anna enn at eg likte formene eg kunne sjå under genseren, korleis ho pressa brysta opp da ho skutta seg, sa det var kaldt her og la armane i kors over magen.

Ja, det brukar vere kaldt her, sa eg.

Det må vi gjere noko med sa ho, smilte.

Eg lånte to nye samlingar og ei ny ei ho hadde lese sjølv.

Eg heiter forresten Anne, sa ho.

Eg sa namnet mitt. Ikkje Heimflyttar, men namnet mitt. Eg nemnde ikkje at ho heiter det same som ho som dro. Det var det beste eg ikkje har sagt på lenge.

Da eg kom heim, blei eg ståande og sjå over fjorden. Ti minutt over stengetid hadde ho ikkje slokt lysa enno. Eg tenkte: der her ho, her er eg.

Plutseleg kom tekstmeldinga. Framand nummer, ei framand tilnærming.

Takk for ein fin samtale. Er alle her ute slik? Helsing frå Anne på biblioteket.

Eg las på og mellom linjene fleire gonger.

Og no kjem alt eg ikkje heilt kan.

Skal ein svare? Skal ein la vere? Skal ein innbille seg noko?

La det vere, ville far min sagt, men han er ikkje her lenger. Ikke han heller. Eg er fri til å svare om eg vil, men må kjempa fram denne fridomen. Etter at Anne dro for 1281 dagar sidan, var eg fanga. Etter at Anne, den andre Anne, Anne på biblioeteket, teksta megi kveld – ho må ha funne nummeet mitt i lånesystemet – kjenner eg meg fanga igjen.

Eg har alt for mykje fridom og er redd for å ikkje bruke han rett.

Advertisements

§ 2 Responses to Livet ein berre kan ane mellom linjene

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Livet ein berre kan ane mellom linjene at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: