Etter å ha stroke kvarandre lenge

November 8, 2012 § 2 Comments

Etter å ha elska og ligge tett i dynene, som om vi prøvde å stryke avtrykka våre av ut av kroppane til den andre, gjekk eg til vindauget. Å leva sju-åtte år utan klokke, gjer noko med ein. Eg går til vindauget, sjølv om det er kveld og november. Det er noko med måten lyset ligg på som gjer at eg kan lesa tida ganske godt.

Eg kjende augene hennar i ryggen. Kanskje tenkte ho på om akkurat den ryggen er sterk nok til å bere oss gjennom det ein skal gjennom. Kanskje såg ho etter avtrykk av hendene sine.

Ho sa:

Kva ser du?

Ho sa ikkje:

Kva ser du på?

Kvar gong ho stilte slike opne spørsmål, kjende eg på kva det var å elska. Her, denne kvelden, ved vidauget på soverommet, der det låg ein pakke Pinex og eit par øyredobber i karmen, kjende eg det og et malte eit bilete for henne. Mine bilete er nøkterne. Dei er kva eg ser. Eg er kva eg ser, ikkje meir, ikkje mindre. Eg er denne plassen, den rolege fjorden, raden av gatelys på andre sida, fem-seks færingar som duvar i bøygene der ute i mørkret og bak der; eit skrukka fjell i stadige skifter mellom grått og svart.

Kva tenkjer du? spurde eg.

Eg, skal vi sjå, sa ho og eg høyrde ho la seg på rygg så ho kunne høyre Stan Getz-plata som enno sto på i stova og siva som lys inn i soverommet.

Ho fortalde om ei studioleiligheit på toppen av ein bygard i New York. Ikkje så mange vindu, men eit himla høgt tak, skråtak, grove bjelkar, golv med forskjellege farger etter ein kunstmålar som budde der ein gong. Ho fortalde om store ovnar, stolar kjøpte på bakgårdsmarknader, eit hjørne som var bad, eit ope kjøken midt i rommet. Ho la ut og eg lukka augene og var med.

Men eg var ikkje det. Allereie da, forsto eg at dette ikkje var nok, at alt som var meg her ute ikkje var det ho drøymde om.

Da eg sto ved vindauget og så ut på færingane som duppa litt lettare i fjorden i april, var det stille bak meg. Men eg visste omtrent kva klokka var.

Advertisements

§ 2 Responses to Etter å ha stroke kvarandre lenge

  • Reblogged this on mirrorgirlblog's Blog and commented:
    Nicely written.

  • Om morgonen gav han Johannes saksa. Glad vart han og gjekk og skulle møta prinsessa. Det kan vel vera prinsessa var forfærd då Johannes la saksa framfor henne ved bordet. Men ho let seg ikkje merka med noko. Den dagen gav ho Johannes eit trådnyste. Dette laut han no sjå til å gøyma for henne sa ho. Men ho ville ha det att ved bordet neste dag, sa ho. Det gjekk som dagen før: Då dei var frå bordet komne, gav prinsessa seg til å herska med Johannes til dess ho hadde fått av han nystet, men då gjekk ho sin veg.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Etter å ha stroke kvarandre lenge at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: