Songen du nynna da du trudde eg ikkje høyrde

November 13, 2012 § 2 Comments

Tenkte eg skulle skrive noko dystert om november eller noko beksvart om ho som dro, men ho slepp taket, ho gjer det.

I staden dro eg på biblioteket. Det vil seie: Eg dro ikkje. Ser lysa på andre sidan av fjorden, veit  biblioteket er ope i kveld, men det heldt å lukke augene fremfor omnen.

Det lyse håret flomma kring skuldrene hennar og flammane ga det eit raudleg skjær. Ho såg på meg, som såg på henne, vi visste. Ho la leppene omkring koppen, avbraut og munnen dro seg ut mot to smilehol: Kva ser du på? 

Deg, tenkte eg, framleis med lukka auge og ei lett kribleskodde i hovudet. På korleis du la alt i diktet du las for meg i stad, korleis du sette støvlane mine kjærleg på plass i gangen, ved sidan av dine, utan å seie noko. På korleis du senka skuldrene og fall ømt saman da jeg la to kalde hender ved halsbotnen din og byrja kna. På kor begeistra du var da venninna di sa noko om deg, meg, oss som du ber i deg som ein løyndom. På korleis vi glødestarta kvarandre over det kalde golvet i dag morges på veg mot badet. Varme dynefingrar som såvidt var borti den andre sine fingrar. På songen du nynna da du trudde eg ikkje høyrde. På ei reise vi har planlagt, på reisa vi gjer no. 

Kom ikkje her og påstå eg ikkje kan kjenne kjærleiken din. 

Eg vil helst ikkje opne augene igjen. 

Advertisements

§ 2 Responses to Songen du nynna da du trudde eg ikkje høyrde

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Songen du nynna da du trudde eg ikkje høyrde at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: