Stikk 1

November 14, 2012 § 2 Comments

I ei perfekt verd, seier naboen min, Egon. Han har det med å opne setningar med “i ei perfekt verd”.

I ei perfekt verd, seier Egon igjen. Munnen er open, handa på veg opp mot andletet for å understreka eit poeng.

Da går det i døra.

Audhild kjem inn i treningstøy etter den daglege turen sin på Slågenfjellet. Ho er to år yngre enn Egon, dei har vore gifte i 16 år og har barn på kvar sin kant. Dette huset nede ved fjorden blei det felles barnet deira, nydeleg pussa opp.  Og dei har hatt alndskapsarkitekt. Folk her ute ved fjorden brukar ikkje landskapsarkitekt, men Egon og audhild har aldri brydd seg om kva ein ikkje gjer her i livet: Dei leier i ope leide, kyssar kvarandre fleire gonger dagleg og ler så mykje at det er lett å bli sjalu eller brydd. 

Skal vi dra utpå no, spør ho og ser gjennom dei store vindaugene mot fjorden. Det har vore godt fiske dei siste dagane. Vatnet er enno mildt. Egon har fortalt meg kor godt det er å vere stille med Audhild. Dei sit i båten som i ei kyrkje, har han sagt. Fortel kvarandre om eit napp eller ein botnkjenning no og då, men elles er dei stille og opne for lydar – og kvarandre.

Eg lagar ein termos og nokre skiver med chevre, seier ho, og forsvinn ut på kjøkenet.

Du skulle seie noko, seier eg etter eit par supar av kaffien.

Har nesten gløymt kva det var, svarar Egon.

Du starta med “I ei perfekt verd..”, seier eg.

I ei perfekt verd, seier Egon og tek ein lang pause …i ei perfekt verd skulle alle få lov å oppleve litt av det Audhild og eg opplever kvar dag.

Advertisements

§ 2 Responses to Stikk 1

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Stikk 1 at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: