Vakre kvinner brukar ikkje kome hit, og om dei kjem, blir dei ikkje lenge.

November 26, 2012 § Leave a comment

Tok ei pause på den siste avsatsen før eg gjekk inn. Var som noko kom over meg, noko som kunne forløyse den trykka stemninga som har vore dei to forrige tirsdagane på biblioetekt. Eg har tenkt på henne. Ho er ny på biblioteket. Vakre kvinner brukar ikkje kome hit, og om dei kjem, blir dei ikkje lenge. Men kva veit vel eg om kva vakre kvinner ellers brukar?

Ikkje anna enn at eg har tenkt på henne, på det raude håret som flaumer ut over skuldrene hennar, på smilehola, på dei fine hoftene hennar, på korleis ho kjem mot meg når eg går inn, som om eg var spesiell. Slik er ho. Ho får kanskje folk generelt til å føle seg spesielle. Det er ein god ting.

Da eg hadde pusta ut og inn, ut og inn, ut og inn, la eg handa på klinka og tvang meg inn i det gule lyset frå industrilampene i taket.

Hei, der kjem du, sa ho, la lesebrillene på skrivebordet, skubba stolen tilbake.

Har vel ikkje gått over tida denne gongen heller, sa eg.

Eg har sett på låninga di. Du brukar ikkje vere her kvar veke, akkurat, sa ho.

Nei?

Så du kom nok for å sjå meg?

Ja.

Eg a ja. Eg vil ikkje seie ja, ville ikkje dumma meg ut, seie for mykje. Det berre glapp ut av meg. Ja.

Så kva gjer vi no? spør ho, ho var kome over golvet og bort til meg medan eg sto der og ikkje tenkte.

Dette, seier eg og la handa i nakken hennar og bøyer meg svakt inn over henne.

Eg gløymde romanen ho meinte eg burde lese. Av ein japanar, kinesar, australiar, eg hugsar ikkje.

Har høyrt at store ting kan hende på små plassar, men det hadde eg mest frå bøkene og songane. Og dei handla som oftast om at vakre kvinner ikkje kom til små plassar, men om dei gjorde det, blei dei sjeldan lenge.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Vakre kvinner brukar ikkje kome hit, og om dei kjem, blir dei ikkje lenge. at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: