Færingen min har 50 ord for sakn, men sa ikkje noko på det.

November 30, 2012 § 2 Comments

Vi har snakka om det, han og eg. Om dei evige bårene, kor lenge ein kan ta dei. Om at den oransje blåsa han vaks opp med har mista fargene og noko av piffen, om at eg ror han som han skulle vere gamal.

Femtenfotingen min har ikkje språk, men alt å seie. Han kom frå Brubæk-brørne i Torvika i 1961. Eg dreg ikkje heile biografien, men om du hadde ein bestefar som ga far din ein ring som du fekk til slutt – skjønar?

Kvart år seg færingen at eg sig meir saman av sakn.

Ho var flott, seier han. Ja, seier eg.

De to brukte ro meg til holmen, seier han. Ja, seier eg.

Og no er ho borte, som anna kjølvatn, seier han. Ja, seier eg.

Er det ikkje fleire der slike som ho kom frå? spør færingen.

Eg dreg på det.

Han spør ikkje meir, forstår.

I heile min barndom rodde eg han. Knivane dreiv i botnen. Sette kassettspelarar på tofta. Steve Forbert “Streets of this town” med dårleg batteri.

Så var eg borte i tre tiår. Utdanning, kvinnner. Du veit.  Han låg i naustet. Færingen min har 50 ord for sakn, men sa ikkje noko på det.

Skulle du ikkje finne deg ei som vil rundt holmen? (Det er som om han vil seie det framfor sine eigne behov: botnsmøring til våren og nye, kvite riper.)

Jo, seier eg.

Vi har mange år på oss, seier eg.

Nei, seier han.

Tenkjer du på åra i naustet, på at eg var borte i 27 år? spør eg.

Så direkte har vi aldri vore før.

Han vil vende med vinden, ikkje seie noko. Det er til å forstå. Kven vil ikkje det?

Advertisements

§ 2 Responses to Færingen min har 50 ord for sakn, men sa ikkje noko på det.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Færingen min har 50 ord for sakn, men sa ikkje noko på det. at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: