Kjelke i vegen

January 21, 2013 § 2 Comments

Dette lærte vi da vi tok førarkortet. Ser du ein kjelke i eller ved vegen, er det alltid ungar i nærleiken. I dag fann eg en gul og svart kjelke av merket Stiga på gangvegen, mellom bilen min og butikksenteret. Stikkvegane renn inn på og over gangvegen, men det var ikkje ungar å sjå.

Eit stykke framfor meg såg eg to toppluer bevega seg. Eg tenkte: no har dei krangla og sett igjen kjelken. Eg fekk tak i snora på kjelken, dro hetta godt rundt andletet og gjekk hurtig bortover gangvegen. Plutseleg satt kjelken fast i noko.

Hei, sa ho.

Ho satt på kjelken i gråbrun kåpe.

Er det mogleg å få skyss?

Eg har knapt sett henne utanfor biblioteket og aldri sett henne med kinnroser og håret hengande så elegant utanfor lua. 

No skremde du meg. Det var som å få napp, sa eg. Stortorsk. 

Eg har sagt dummare ting til kvinner før. 

Du er vel van med å få napp? spurte ho med eit ertande smil. I fin litteratur kan ein kanskje finne andre og betre omgrep, men det var akkurat det ho hadde rundt munnen: eit ertande smil. 

Berre på sjøen, sa eg. 

No har du fått napp på land, sa ho.

Ja, sa eg.

Din kjelke? sa ho

Nei, trur det er nokre gutar framme i vegen der, sa eg. Luene var ikkje å sjå lenger. 

Så fin kjelke hadde ikkje vi da vi var små, sa eg.

Ja, skal du ta meg med på tur? spurte ho.

På tur?

Ja, nedanfor vegen der? Bra bakke. Og denne klarar to vaksne. 

Kanskje det, mumla eg.

Ho hadde allereie reist seg og gripe rattet. Eg slapp snora. 

På andre sida av vegen, sette vi kjelken i god vinkel.

Du framme, sa eg.

Da må du halde skikkeleg fast, sa ho.

Eg la armane rundt livet hennar, men det var med same skepsis som eg let hendene nærma seg ei kokeplate. 

Klar, sa eg.

Snøen var laus, men etter nokre meter fekk vi opp fart og suste mot to-tre seljer som sto ovanfor nausta.

No veltar vi av, sa ho. Eg hadde ikkje noko val. Ho dro oss av. Vi smilte mot kvarandre i snøen. Eg sjekka at husnøklane enno var i lomma.

Jøje meg, sa eg, du fekk meg til å ake.

De var du som fekk meg til å ake, sa ho, har ikkje gjort det på lenge. 

Oppe ved vegen visste eg ikkje kva eg skulle seie. Ikkje ho heller. Visse folk som ikkje finn ord, pratar som fossar. Andre blir heilt stille. Vi var stille begge to. Såpass hadde vi til felles. 

Eg sit her og lurer på kva meir eg burde eller kunne ha sagt, anna enn “men ha det, da”

 

 

 

Advertisements

Where Am I?

You are currently viewing the archives for January, 2013 at Heimflyttar's Blog.