Ho lignar deg i eit heilt spesielt lys

June 17, 2013 § 1 Comment

Om ho lignar på deg? Nei, det vil eg ikkje seie. Vel, kanskje, nokre gonger. Kanskje i eit heilt spesielt lys.

Når?

Når ho tiltar hovudet og sola er gått ned bak fjellet og det berre er sjøen som skin i andletet hennar. Når ho dreg jakken tettare rundt skuldrene, opp mot halsen og tiltar hovudet over til ei side og ser ut over vatnet. Da må eg innrømma at ho liknar på deg.

Om ho er ein kopi?

Nei, det vil eg ikkje seie. Hvis ho var ein kopi som deg, dreg jo ho og.

Skulle ikkje ha sagt? Kva meiner du?

(…)

Men du spurde jo?

Nei, eg brukar ikkje lyga. Du må heller la vere å spørra om slike ting du veit du ikkje vil høyra.

Meir enn deg? Veit du, eg kan ikkje gradera folk slik. Eller kva eg kjenner.

Du og eg møttes da vi var på eit anna stadie i livet.

Nei, eg svarar ikkje. Er du blitt sjalu?

Nei, sjølvsagt. Du var faktisk ikkje det.

Nei,nei, eg forstår.

Men er det noko meir? Du skjønar eg har fyrt opp grillen og..

Neida, det går vel bra? Eg har litt tid den dagen om eg tek ei ferje seinare.

Jo da.

Føler vel eg må fortelje henne det. Ho veit jo om deg, og det blir jo berre kaffikopp, ikkje sant?

Nei, eg sa ikkje at du var sjalu. Berre spurde. Erta deg litt.

 (Eg MÅ slutta å dikta slike ting. Kan ikkje vere sunt i lengda)

Advertisements

Where Am I?

You are currently viewing the archives for June, 2013 at Heimflyttar's Blog.