Ho lignar deg i eit heilt spesielt lys

June 17, 2013 § 1 Comment

Om ho lignar på deg? Nei, det vil eg ikkje seie. Vel, kanskje, nokre gonger. Kanskje i eit heilt spesielt lys.

Når?

Når ho tiltar hovudet og sola er gått ned bak fjellet og det berre er sjøen som skin i andletet hennar. Når ho dreg jakken tettare rundt skuldrene, opp mot halsen og tiltar hovudet over til ei side og ser ut over vatnet. Da må eg innrømma at ho liknar på deg.

Om ho er ein kopi?

Nei, det vil eg ikkje seie. Hvis ho var ein kopi som deg, dreg jo ho og.

Skulle ikkje ha sagt? Kva meiner du?

(…)

Men du spurde jo?

Nei, eg brukar ikkje lyga. Du må heller la vere å spørra om slike ting du veit du ikkje vil høyra.

Meir enn deg? Veit du, eg kan ikkje gradera folk slik. Eller kva eg kjenner.

Du og eg møttes da vi var på eit anna stadie i livet.

Nei, eg svarar ikkje. Er du blitt sjalu?

Nei, sjølvsagt. Du var faktisk ikkje det.

Nei,nei, eg forstår.

Men er det noko meir? Du skjønar eg har fyrt opp grillen og..

Neida, det går vel bra? Eg har litt tid den dagen om eg tek ei ferje seinare.

Jo da.

Føler vel eg må fortelje henne det. Ho veit jo om deg, og det blir jo berre kaffikopp, ikkje sant?

Nei, eg sa ikkje at du var sjalu. Berre spurde. Erta deg litt.

 (Eg MÅ slutta å dikta slike ting. Kan ikkje vere sunt i lengda)

Advertisements

§ One Response to Ho lignar deg i eit heilt spesielt lys

  • MT says:

    Ei finfin tekst. så kjekt å lese nytt her inne .

    Herborg Kråkeviks sang dukka opp i hovudet mitt 🙂

    “Eg diktar meg eit liv
    Eg diktar meg ein open dag
    Eg diktar meg eit skriv
    Så fullt av tankar lag på lag
    Eg tenkjer meg ei hand som
    Grip det når det fell mot land
    Eg diktar dette blikk
    Som ser og ler og rørest blidt

    Eg diktar meg eit liv
    Som er likt det eg skriv
    Eg diktar det eg treng
    Gjennom vers og refreng
    Eg diktar meg ei kraft
    Som kan og vil og alltid vinn
    I eit liv som eg kan leva med

    Eg diktar meg eit mål
    Heldt fast av eit tolmodig sinn
    Eg diktar meg ei tru
    Som held om syndaren vil snu
    Eg tenkjer meg ei hand som grip det
    Når det fell mot land
    Eg diktar dette blikk
    Som ser og ler og rørest blidt

    Eg brettar til eit fly
    Med diktet mitt det stig mot sky
    Eg tenkjer meg ei hand
    Som grip det når det fell mot land
    Eg diktar dette blikk
    Som ser og ler og rørest blidt
    Som les seg til ein fred
    Eit liv som ho kan leva med

    Eg diktar ho eit liv
    Som er likt det eg skriv
    Eg diktar det ho treng
    Gjennom vers og refreng
    Eg diktar ho ei kraft
    Som kan og vil og alltid vinn
    I eit liv som ho kan leva med”

    Fin dag på deg!
    Marieklem

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Ho lignar deg i eit heilt spesielt lys at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: