Å bli sakte opphissa og ikkje kunne gløyme

March 17, 2014 § 1 Comment

Ser først på heilskapen i kroppen fram for meg. Ei bue her, nokre muke kantar der. Så siktar augene seg inn mot kjerna, mot midten.

Rommet er halvmørkt. Elden frå peisen dansar over det kvite.

Eg prøvar tyda det som ikkje blir sagt.

Eg er her med eit nytt kjennskap, men det er det same som forrige gong, same struktur, same spenninga når eg stryk hendene over.

Likevel: det er nytt kvar gong.

Vi prøvar opne oss mot kvarandre, vere mottakelege.

Blikket mitt glir nedover, det nuppar.

Eg såg ei lita skjelving, ein liten sjenanse slik dei første fuglane kvar vår prøvar å lande lettare enn sist.

Eg har gjeve meg over no. Ingen veg heim. Dette er óg heim.

Eg vil gå inn med heile meg.

Ikkje bli ferdig. Bli ferdig. Ikkje bli ferdig.

Eg vil kjenne alt. Dette kring meg.

Vi må sluka kvarandre, augene først, så nær som det går, kome under huda.

Alt dette omsluttar meg, pusten er ujamn, går tyngre.

Ein gong ibland er alt perfekt, ei perfekt innsansa oppleving.

 

Eg lukkar diktboka.

 

Advertisements

§ One Response to Å bli sakte opphissa og ikkje kunne gløyme

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Å bli sakte opphissa og ikkje kunne gløyme at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: