Superheltar, fjorden style

February 26, 2015 § Leave a comment

Du som skriv bygdebok og slik, seier varaordføraren når vi treffast ved bakehylla på kiwien.

Det er noko han vil.

Bygdeboka har ikkje særleg framdrift, og gjekk liksom på ein personleg smell da eg forsto at brua er kome for å bli og ferja aldri meir kjem tilbake i fjorden, så eg har ikkje klart så skrive dei siste ti åra av lokalhistoria. Og kanskje er det best til å venta til varaordføraren ikkje er bland oss lenger.

Jo, seier varaordføraren, og klør seg jamnt på psoriasisen oppå handa, eg fekk ein idé. Kanskje har vi feil image her i bygda. Kanskje heng det noko treigt og tungsinna over oss – eller måten folk ser oss på. Kanskje må vi gjere noko for å syna ei anna side, noko kreativt, noko nytt.

Og om så er? spør eg

Der kjem du inn. Du er jo ein skrivar og eg fekk idé om at vi må prøva gripa ungdommen, at bygda vår her ved fjorden blir kul for dei.

Kul? Kor har du lært det ordet, spør eg.

Har da vore rundt på ungdomsskulen og prøvd snakka litt vet inn i dei. Nokre i klassen sa at dugnad ikkje er kult, noko eg sjølvsagt ikkje er samd i, men eg lånte ordet. Korleis det enn er, tenkte eg at vi må gjere noko og eg har fått 200.000 kroner frå eit fond hos Innovasjon Norge til å laga liv i bygda, det var noko gamal bulyst-drit etter forrige regjering, noko Senterpartiet grein seg til. For dei pengane tenkte eg vi skulle få skrive ein serie bøker for barn og unge. Du veit, noko med superheltar, og dei må gjerne bu her ved fjorden.

Superheltar her ute?

Ja, det er vel ikkje så rart? Dei kan flyge og lande ved brygga ute ved fileten, ikkje noko aktivitet der no.

Kva skal dei gjere?

Noko spektakulært, til dømes få andre unge til å flytta heim, kanskje? At dei finn ei framtid og ein ektefelle og kjøper tomt på plassen dei kjem frå fordi superheltane har sagt det?

No ber du om mykje. Ikkje ein gong Batman kunne fått til dette.

Nei, men vi kunne jo prøvd? Eg har vore så fri at eg har varsla formannskapet om at du kjem og fortel litt kva du har tenkt på møtet i mars.

Mars er jo ikkje lenge til?

Superheltar handlar raskt, svarar varaordføraren.

Så no sit eg her og skissar og skriv. Foreløpig har superheltane sprengt brua og sett inn ei ferje på strekninga slik at dei kan flyga fritt over fjorden utan å kollidera i bruspennet. Dette er noko dei har gjort som sivilistar, før dei blir superheltar i kappe. Verka naudsynt at dei ikkje skal døy på side fem i den første boka av eit lågt bruspenn.

Eine superhelten var forelska i ei som heitte Melissa, men det strauk eg. Må ikkje vere for nær røynda. I staden la eg inn noko heilt ekstraordinært; at superheltane flaug til storbyen og henta ein biblotekar. Dei i blå kapper, ho i raud kåpe og dei sette henne inn i biblioteket. Etter dette var superheltane så nøgde at dei åt ein spesieal med ketsjup og sennep, to striper, på ferjekroa dei hadde gjenopna for å få seg litt mat.

Stort lenger er eg ikkje kome med karakterane, og eg tek ikkje mot innspel. Endring gjer for vondt.

Advertisements

Referat frå frukostmøte i Tenketanken Fjorden, ein fri versjon

February 24, 2015 § 1 Comment

Lyset i bedehuset er gult i den småskodda morgonen. Om du står utanfor og ser inn, kan du tru det skal skje noko stort før klokka sju. To kvinner, kona til varaordføraren og systera hennar, går rundt med fat og bestilkk. Borte ved eine vindauget står vararordføraren og ser mørkt stoisk ut, slik ein Skapar let augene gli over verket sitt.

Fiskeoppdrettaren parkerar over to plassar, nærmast vegen, som om han har tenkt å stikka, som om han har nokon i helane. Oppdrettaren ser trøytt ut, seier svigerinna til varaordføraren, må vere ho nye austfrå som held han vaken, han gir seg ikkje. nei, svarar systera, han er ein retteleg fettoter.

Nederlendaren som driv vaskehallen nede på Sletta kjem på sykkel og røykjer ein bams på trappa før han går inn. Frå andre sida av brua har fire karar samordna seg og delt skyss over brua. Slik irriterar varaordføraren. Han veit at ein bil gjennom bommen i staden for fire, to passeringar i staden for åtte om du tek med returen, er reint tap. Om fleire køyrer gjennom bommen, kan brua blir fortare betalt ned og ungdommen kan kanskje koma tilbake? Nokon vil kanskje etablera noko her ute når brua blir gratis? Dette er kjernen i alt varaordføraren skal seie i dag, slik det har vore dei siste nitten åra, om han tenkjer seg om, men det gjer han ikkje alltid. Varaordføraren har sett seg blind på fråflyttingssaka, han er som besett, det er som om nokon set straum på han når omgrep som netto fråflytting, bulyst og eit Norge i miniatyr blir nemnt.

Kvinnene kjem. Ei av dei driv med heimebesløk og sel vispar, dukar og plastikkbollar. Ho kallar seg ei småbedrift så ofte ho kan. Elles har vi kvinneleg formann ved filetfabrikken. Fabrikken blei nedlagt i 2008, men ho er stadig i beredskap og snakkar om bedrifta i presens. Dottera til varaordføraren har tatt eit friår frå skulen for å bli bloggar. Alle veit kva far hennar meiner om det, men ho høyrer heime på frukostmøte i Tenketanken Fjorden fordi ho representerar det nye, dei unge gründerane som går eigne vegar, på tvers av tradisjonen. Ho sa på forrige møte at vi bur lokalt og handlar globalt, og ein av dei oppmøtte vlle vita om ho ikkje lenger var kunde ved nær-Kiwien, men fekk ei skulder i sida og trakk spørsmålet.

Brødet i korgene er like grovt som praten før møtet kjem i gang. Varaordføraren innleier med ei moralsk andakt, om å stå opp om morgonen, om å yta før ein kan nyta og han forklarer korleis det stort sett berre er katolske land kring Middelhavet der vaksne folk legg seg ned og søv midt på dagen som blir råka av finanskriser. Alt dette er kjend stoff.

Dagens tema er plasseringa av ei djupvannskai. Kommunen treng større kai. Ingen veit heilt kvifor, men no er det snakk om noko langt viktigare enn bruksområde og behov, nemleg lokalisering. Oppdrettaren vil ha djupvannskaia på denne sida av fjorden, kkje inne i sentralte strok kor dei har mykje frå før. Alle vil det, så det blir bestemt å laga ei aksjonsgruppe. Gruppa skal bruka demokratiske våpen, men vi har ein del faklar igjen frå i haust, så eit kraftfullt fakkeltog blir ikkje utelukka, men vi må skunde oss før vårlyset kjem og ligg lint gjennom kveldane, vi må skunde oss.

Under posten “eventuelt” har ho med visittkortet home sales manager ei sak å ta opp. Ho har lese i riksmedia om rausheit, at det finnes ei som held foredrag og som får folk til å reise seg opp og gje seg sjølv ein klem og ho vil ha dette kurset og foredraget til tenketanken Fjorden. Føl deg fri, berre reis deg opp og gje deg sjølv ein klem, seier varaordføraen, utan å sjå opp. Nei, seier home sales manager, vi treng påfyll og kompetanse, ja ein retteleg dialog. Nokon må retteleie oss, gje oss impulsar, så ho får i oppgåve å greie ut om saka. Så startar folk å bli trengte og renn ut på do i eininga og varaordføraren set strek der. Han skriv referat frå møtet og som han lovar sende ut på epost. Referatet kjem ikkje til å ligna dette.

Where Am I?

You are currently viewing the archives for February, 2015 at Heimflyttar's Blog.