Referat frå frukostmøte i Tenketanken Fjorden, ein fri versjon

February 24, 2015 § 1 Comment

Lyset i bedehuset er gult i den småskodda morgonen. Om du står utanfor og ser inn, kan du tru det skal skje noko stort før klokka sju. To kvinner, kona til varaordføraren og systera hennar, går rundt med fat og bestilkk. Borte ved eine vindauget står vararordføraren og ser mørkt stoisk ut, slik ein Skapar let augene gli over verket sitt.

Fiskeoppdrettaren parkerar over to plassar, nærmast vegen, som om han har tenkt å stikka, som om han har nokon i helane. Oppdrettaren ser trøytt ut, seier svigerinna til varaordføraren, må vere ho nye austfrå som held han vaken, han gir seg ikkje. nei, svarar systera, han er ein retteleg fettoter.

Nederlendaren som driv vaskehallen nede på Sletta kjem på sykkel og røykjer ein bams på trappa før han går inn. Frå andre sida av brua har fire karar samordna seg og delt skyss over brua. Slik irriterar varaordføraren. Han veit at ein bil gjennom bommen i staden for fire, to passeringar i staden for åtte om du tek med returen, er reint tap. Om fleire køyrer gjennom bommen, kan brua blir fortare betalt ned og ungdommen kan kanskje koma tilbake? Nokon vil kanskje etablera noko her ute når brua blir gratis? Dette er kjernen i alt varaordføraren skal seie i dag, slik det har vore dei siste nitten åra, om han tenkjer seg om, men det gjer han ikkje alltid. Varaordføraren har sett seg blind på fråflyttingssaka, han er som besett, det er som om nokon set straum på han når omgrep som netto fråflytting, bulyst og eit Norge i miniatyr blir nemnt.

Kvinnene kjem. Ei av dei driv med heimebesløk og sel vispar, dukar og plastikkbollar. Ho kallar seg ei småbedrift så ofte ho kan. Elles har vi kvinneleg formann ved filetfabrikken. Fabrikken blei nedlagt i 2008, men ho er stadig i beredskap og snakkar om bedrifta i presens. Dottera til varaordføraren har tatt eit friår frå skulen for å bli bloggar. Alle veit kva far hennar meiner om det, men ho høyrer heime på frukostmøte i Tenketanken Fjorden fordi ho representerar det nye, dei unge gründerane som går eigne vegar, på tvers av tradisjonen. Ho sa på forrige møte at vi bur lokalt og handlar globalt, og ein av dei oppmøtte vlle vita om ho ikkje lenger var kunde ved nær-Kiwien, men fekk ei skulder i sida og trakk spørsmålet.

Brødet i korgene er like grovt som praten før møtet kjem i gang. Varaordføraren innleier med ei moralsk andakt, om å stå opp om morgonen, om å yta før ein kan nyta og han forklarer korleis det stort sett berre er katolske land kring Middelhavet der vaksne folk legg seg ned og søv midt på dagen som blir råka av finanskriser. Alt dette er kjend stoff.

Dagens tema er plasseringa av ei djupvannskai. Kommunen treng større kai. Ingen veit heilt kvifor, men no er det snakk om noko langt viktigare enn bruksområde og behov, nemleg lokalisering. Oppdrettaren vil ha djupvannskaia på denne sida av fjorden, kkje inne i sentralte strok kor dei har mykje frå før. Alle vil det, så det blir bestemt å laga ei aksjonsgruppe. Gruppa skal bruka demokratiske våpen, men vi har ein del faklar igjen frå i haust, så eit kraftfullt fakkeltog blir ikkje utelukka, men vi må skunde oss før vårlyset kjem og ligg lint gjennom kveldane, vi må skunde oss.

Under posten “eventuelt” har ho med visittkortet home sales manager ei sak å ta opp. Ho har lese i riksmedia om rausheit, at det finnes ei som held foredrag og som får folk til å reise seg opp og gje seg sjølv ein klem og ho vil ha dette kurset og foredraget til tenketanken Fjorden. Føl deg fri, berre reis deg opp og gje deg sjølv ein klem, seier varaordføraen, utan å sjå opp. Nei, seier home sales manager, vi treng påfyll og kompetanse, ja ein retteleg dialog. Nokon må retteleie oss, gje oss impulsar, så ho får i oppgåve å greie ut om saka. Så startar folk å bli trengte og renn ut på do i eininga og varaordføraren set strek der. Han skriv referat frå møtet og som han lovar sende ut på epost. Referatet kjem ikkje til å ligna dette.

Advertisements

§ One Response to Referat frå frukostmøte i Tenketanken Fjorden, ein fri versjon

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Referat frå frukostmøte i Tenketanken Fjorden, ein fri versjon at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: