Førti karar på Gardermoen ein onsdag kveld, førti ulike nederlag

April 22, 2015 § 1 Comment

Varaordføraren har på seg dressen kona kjøpte til han før dåpen til det første barnebarnet, ein engelsk stripa dress, eigentleg for fin til anledninga, men anledninga kan ikkje bli finare. Han sit på Gardermoen og ventar på siste flyet heim og kosar seg med ein pils, berre ein. Han har vore i departementet og bede om meir pengar.

Varaordføraren ser seg rundt og blir brått merksam på at svær mange av dei andre karane i hallen liknar kvarandre – og på han. Dei går i dress, men ser ikkje ut til å vere vande til det. Dei har skinnjakkar, skinnfrakkar eller allversjakker over og ser resignerte ut. Dei må, som han, vere utsende frå ein kommune. Dei må, som han, ha vore i eit eller departement i Oslo og spurt etter pengar, meir hjelp eller ei klårheit ein aldri må tru at bur i eit departement. Fleire av dei, har, som han, gløymt å ta av besøksklistremerket dei fekk i vakta. Merka heng enno på blazeren eller dressjakka.

Litt fint, og, tenkjer varaordføraren. Han er nummer to i sin kommune, ein skugge, ein som blir tilkalla kvar gong ordføraren er sjuk eller bortreist og kommunen skal avduke eit minnesmerke over noko som har hendt for lenge sidan. Ein gong fekk han legge ordførarkjedet kring halsen og opne ei ny fløy på sjukeheimen, men dei opnar ikkje nye sjukeheimsavdelingar lenger no. Gamlingane døyr og andre folk flyttar ut frå kommunen ved kysten før dei rekk å bli gamle, før dei rekk rusta fast.

Varaordføraren har pilsen i handa og ser etter ein plass. Han nikkar til ein delegasjon som snakkar nordlandsdialekt og som ser heilt akterutseilte ut. Ikkje ei krone å hente til næringsutvikling, seier ein av dei.

Varaordføraren er komen til sine eigne. Han tek fram eit bordflagg med Fjorden kommune frå berganssekken sin og set flagget på det vesle bordet. Dei tek ein øl til og snakkar om kor umogleg alt er. Ikkje ein gong breiband kjem til å redda kommunane deira. Varaordføraren blir berre nedstemt.

Gate 22-26 på Gardermoen er ein dødens dal ein slik onsdagskveld. Alle karane er på veg heim med dårleg nytt eller ikkje noko avklaring i det heile. Varaordføraren ser på klokka, ein gong, to gonger. Fanden ta, han må springe og det er gate 19 det er snakk om, gaten som tek sju minutt. Han må heim. I kveld. Her har han ikkje noko å gjere og når folk ser helane på eit par Ecco-sko bortover korridoren, står det eit einsleg bordflagg igjen, eit minne om ein av dei mange som prøvde.

Where Am I?

You are currently viewing the archives for April, 2015 at Heimflyttar's Blog.