Ei PR- og sørgjeplan til dagen Willie Nelson døyr

April 22, 2016 § 1 Comment

Høgre har Prince som favoritt. SV elska Bowie da han gjekk bort. Ingen digga Glenn Frey frå The Eagles, steelgitaristen Buddy Emmons eller Merle Haggard, enda desse må seiast å sortere under Senterpartiet. For å vere budde på at Willie Nelson kjem til å gå bort (han er frisk og alt det der, men 82 år), har Poetisk Sakteparti laga ei plan for korleis vi skal opptre når meldinga kjem.

Leiaren i poetisk Sakteparti, @Fylkespolitikar, seier til lokalavisa at ho gjer seg tilgjengeleg for pressa i tidsrommet 1903-1925, altså etter #dax18, men før dugnaden startar.

@Heimflyttar går ned på eit nes og les høgt sin nynorske versjon av “Crazy” for fuglane og farande på fjorden.

Varaordføraren firar flagget på kommunehuset til halv stong så snart som råd (om råd), men i alle fall på hytta.

Nederlendaren som driv vaskehallen borte på sletta, er den som liknar Willie mest. han har hestehale, andlet frå ei gamal, oppbløytt skinnveske og sigarettane han rullar er tjukke og luktar rart. Nederlendaren røyker litt og tek fram gitaren.

(Her er det viktig at vi ikkje blir forveksla med han eine her ute som røyster MdG, men vi håpar han er oppteken med surdeigen eller salatåkeren sin da (som alle veit ikkje kjem til å vekse i dette harde landet utan gjøding).

Så seier varaordføraren noko om at ein blir ikkje nærare nitti år utan å ha heldt seg i form, vore på dugnad og slike ting. Alle veit at Willie Nelson ikkje går på dugnad, men vi er i sorg, så det får passera.

Ei kortesje av meir enn tjue år gamle bilar køyrer sakte på vegane, ut og inn av fjorden.

To ferjer legg stilt i fjorden i eitt minutt.

Varaordføraren seier at no skal Fjorden prøva å bytta venskapskommune til Austin, Texas. Den kviterussiske venskapskommunen funkar ikkje. Dei berre drikk og likar korpsmusikk.

Om Poetisk Sakteparti har fått medlemmar og litt inntekter, sender vi leiingabtil begravinga i Texas. Sjølvsagt kjem vi for seint, for vi flyg til England, tek Amerikabåten frå Southampton til new York og Greyhoundbuss derifrå. Vi kom aldri heilt fram, men det var heller ikkje meininga. Det viktigaste er å ha vore på veg ein stad.

Og å ha ei plan for å handtera den komande bortgangen til ein akustisk artist. Slike høyrer naturleg nok inn under Poetisk Sakteparti.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Advertisements

Where Am I?

You are currently viewing the archives for April, 2016 at Heimflyttar's Blog.