Eg er optimist med tanke på fortida

August 23, 2016 § Leave a comment

Heimflyttardagen 2016 blei avlyst. Ingen utanfrå hadde meldt seg på. Det ser svart ut no. Dansebandet Pimientoz var hyra til å spele om kvelden og dei spelte, men det var ei uro over heile arrangementet, som om vi ante at det var siste gong.

Varaordføraren sa at han i alle fall ikkje tar initiativ til noko heimflyttardag neste år. Det må bli opp til Tenketanken Fjorden, men dei har frukostmøte og debattar som ikkje er særleg godt besøkte. Det hender nokon kjem inn på frukostmøta for å fylla statoilkoppen sin før dei drar på arbeid inne i tettstaden.

Sjølv er eg optimist. Når alle har flytta herifrå, er det ingen til å nedbetale brua ingen eigentleg ville ha. Einaste konsekvens er å rive brua og sette inn ei ferje i staden. Berre slik kan vi sleppe unna denne uroa.

Eg er klar over at dette ikkje er ei lysande politisk analyse eller at det er berekraftig, men berekrafta forsvann for eit par tiår sidan. No er det berre draumane igjen for oss som held ut:

Vi som er igjen får store blomeenger for oss sjølve, eit smykke av ei kyststripe. Store skulebygg uten elevar der vi kan ha elleville basarar ut over hausten. Vi kan grave bort asfalten på vegane og få tilbake den flotte kjensla av prikkande grus mot botnpanna på gamle Fordar og lekker steinsprut.

Når vi har halde på slik lenge nok, kjem nok NRK eller Netflix for å lage seriar om slik bur dei der, og da blir vi igjen top of the pops, over heile verda. Da skal vi eige ferja sjølv, berre ta ut dei vi vil ha der, som ser snille eller poetiske ut. Vi kan kvotere kvinner, laga republikk og sende alle som masar om breiband og utvikling i land på andre sida.

Fortida vil gje ei lysande framtid, for oss som held ut, for oss som elskar omvegar der blomar bøyer seg inn over køyrebana og nokre dagar i juni minner om parfyma til ho som dro.

 

Where Am I?

You are currently viewing the archives for August, 2016 at Heimflyttar's Blog.