Køyre som på flukt: Racing In the Streets på nynorsk.

November 18, 2016 § Leave a comment

 

(Bruce Springsteen/Heimflyttar)

 

Eg har ein blå Ford Capri trimma to komma to

Monroe dempa med malte dekk

som ventar nede ved Essoen no

ventar på å dra vekk

Vi kappa fjører, eg og Tommy; senkesett

vi bygde meir enn det som kallast for bil

frå stad til stad utan å bli tatt eller sett

vedda om tre minutters mil

 

I kveld, i yr, tek vegen fyr

Første runde, høg oktans lukt

Spinna gjennom det juli byr

og køyre som på flukt

 

Vi festar der kor livet er

lagar levenet vi ikke får

Når Esso stenger køyrer vi

så langt som vegen går

Visse menn – dei gir opp livet

startar døy og får litt lukt

Andre menn drar heim og køyrer ut

og gir på, som i ei flukt.

 

I kveld, i yr, tek vegen fyr

Av meg ser dei berre ei lykt

Sprei ordet, folkens, han er ute igjen

og køyrer som på flukt

 

Eg traff henne for tre år sidan no

i ein Opel Manta med ein kar frå by´n

Eg la Opelen godt bak meg

dro med jenta som eit lyn

No er det rynker i panna på dama mi

ho gret kvar kveld eg drar av stad

Når eg kjem heim er lysa av

ho seier: ser du klarte deg bra

 

Ho sit på verandaen der faren bur

men hennar fine draum har dødd.

Ho ser åleine ned på mørk natur

med blikk frå ein som mislikar å eingong bli fødd

Til alle bakseteberter og gatebiltjei

som har køyrt for lenge, for hardt

I kveld drar ho og eg ned til havet igjen

For å prøve finne kvitt i svart

 

I kveld, i kveld er håpet sterkt

for kvar ei mil som blir slukt

hald deg unna, her kjem to av oss

som køyrer som i flukt

Eg er optimist med tanke på fortida

August 23, 2016 § Leave a comment

Heimflyttardagen 2016 blei avlyst. Ingen utanfrå hadde meldt seg på. Det ser svart ut no. Dansebandet Pimientoz var hyra til å spele om kvelden og dei spelte, men det var ei uro over heile arrangementet, som om vi ante at det var siste gong.

Varaordføraren sa at han i alle fall ikkje tar initiativ til noko heimflyttardag neste år. Det må bli opp til Tenketanken Fjorden, men dei har frukostmøte og debattar som ikkje er særleg godt besøkte. Det hender nokon kjem inn på frukostmøta for å fylla statoilkoppen sin før dei drar på arbeid inne i tettstaden.

Sjølv er eg optimist. Når alle har flytta herifrå, er det ingen til å nedbetale brua ingen eigentleg ville ha. Einaste konsekvens er å rive brua og sette inn ei ferje i staden. Berre slik kan vi sleppe unna denne uroa.

Eg er klar over at dette ikkje er ei lysande politisk analyse eller at det er berekraftig, men berekrafta forsvann for eit par tiår sidan. No er det berre draumane igjen for oss som held ut:

Vi som er igjen får store blomeenger for oss sjølve, eit smykke av ei kyststripe. Store skulebygg uten elevar der vi kan ha elleville basarar ut over hausten. Vi kan grave bort asfalten på vegane og få tilbake den flotte kjensla av prikkande grus mot botnpanna på gamle Fordar og lekker steinsprut.

Når vi har halde på slik lenge nok, kjem nok NRK eller Netflix for å lage seriar om slik bur dei der, og da blir vi igjen top of the pops, over heile verda. Da skal vi eige ferja sjølv, berre ta ut dei vi vil ha der, som ser snille eller poetiske ut. Vi kan kvotere kvinner, laga republikk og sende alle som masar om breiband og utvikling i land på andre sida.

Fortida vil gje ei lysande framtid, for oss som held ut, for oss som elskar omvegar der blomar bøyer seg inn over køyrebana og nokre dagar i juni minner om parfyma til ho som dro.

 

Fjorden, kjend som The River

July 9, 2016 § 3 Comments

 

@Heimflyttar / Bruce Springsteen

Ei gjendiktning.

——

 

Eg kjem frå ute ved fjorden

der nevar sloss og ba

Dei dreiv meg til å bli

alt det far min sa

Eg og Mary hang ved skulen

ho var berre sytten år

vi dro saman til ein plass der du haustar det du sår

 

Vi svevde ut over vatna

og bada i blått

flaug over vatna i flokk

 

Eg trur barnet er ditt

– i eit brev; det var alt ho sa

På nittenårsdagen tok eg lappen og prøvde dra

Ein prest sette ringar på oss

og sa det blir bra ein gong

Ingen talar, smil eller arm i arm

ingen blomar eller song

 

Vi svevde ut over vatna

og bada i blått

flaug over vatna i flokk

 

Eg fekk ein jobb nede på brygga, flådde fisk med for lite fri

men ekte arbeid fell i kurs og det var sviktande økonomi

Og alt som verka viktig, sjef,

det forsvann som ein draum

Eg prøvar hardt å ikkje hugse

Ho blei borte i ein straum

 

Men eg hugsar vi lånte bror sin bil

Vår flaum, våte berg og solbrent smil

Og flo og fjøre heldt meg nattevak

eg rulla inn mot hennar andedrag

Når eit minne startar jaga

som eit stikk frå anna tid

Er det løgn, ein draum, ein ferjemann

Eller noko som vil svi?

 

Det får meg ned igjen til vatnet

men eg veit at fjorden er tom

og får tid til å sveve i rom

Ned igjen til fjorden

Ho eg elska ihjel

svevar på vatnet i kveld

 

 

Ei PR- og sørgjeplan til dagen Willie Nelson døyr

April 22, 2016 § 1 Comment

Høgre har Prince som favoritt. SV elska Bowie da han gjekk bort. Ingen digga Glenn Frey frå The Eagles, steelgitaristen Buddy Emmons eller Merle Haggard, enda desse må seiast å sortere under Senterpartiet. For å vere budde på at Willie Nelson kjem til å gå bort (han er frisk og alt det der, men 82 år), har Poetisk Sakteparti laga ei plan for korleis vi skal opptre når meldinga kjem.

Leiaren i poetisk Sakteparti, @Fylkespolitikar, seier til lokalavisa at ho gjer seg tilgjengeleg for pressa i tidsrommet 1903-1925, altså etter #dax18, men før dugnaden startar.

@Heimflyttar går ned på eit nes og les høgt sin nynorske versjon av “Crazy” for fuglane og farande på fjorden.

Varaordføraren firar flagget på kommunehuset til halv stong så snart som råd (om råd), men i alle fall på hytta.

Nederlendaren som driv vaskehallen borte på sletta, er den som liknar Willie mest. han har hestehale, andlet frå ei gamal, oppbløytt skinnveske og sigarettane han rullar er tjukke og luktar rart. Nederlendaren røyker litt og tek fram gitaren.

(Her er det viktig at vi ikkje blir forveksla med han eine her ute som røyster MdG, men vi håpar han er oppteken med surdeigen eller salatåkeren sin da (som alle veit ikkje kjem til å vekse i dette harde landet utan gjøding).

Så seier varaordføraren noko om at ein blir ikkje nærare nitti år utan å ha heldt seg i form, vore på dugnad og slike ting. Alle veit at Willie Nelson ikkje går på dugnad, men vi er i sorg, så det får passera.

Ei kortesje av meir enn tjue år gamle bilar køyrer sakte på vegane, ut og inn av fjorden.

To ferjer legg stilt i fjorden i eitt minutt.

Varaordføraren seier at no skal Fjorden prøva å bytta venskapskommune til Austin, Texas. Den kviterussiske venskapskommunen funkar ikkje. Dei berre drikk og likar korpsmusikk.

Om Poetisk Sakteparti har fått medlemmar og litt inntekter, sender vi leiingabtil begravinga i Texas. Sjølvsagt kjem vi for seint, for vi flyg til England, tek Amerikabåten frå Southampton til new York og Greyhoundbuss derifrå. Vi kom aldri heilt fram, men det var heller ikkje meininga. Det viktigaste er å ha vore på veg ein stad.

Og å ha ei plan for å handtera den komande bortgangen til ein akustisk artist. Slike høyrer naturleg nok inn under Poetisk Sakteparti.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dikt om ei dame som berre ville høyre Dagsnytt Atten

July 14, 2015 § Leave a comment

Bulldozaren frå Moxy parkerte på plena.

Eg kledde av meg

let kaffien koke over renner av svart bek ned komfyren

vekkerklokka eggklokka innleigd hakkespett

Ingen av oss kom gjennom

sentralbanksjefen si formaning om at vi må spare og ikkje låna pipa

eller Morten Jentoft frå Ukraina

eg opna ei rullekake framfor henne, fristande krem og syltetøy

ho nikka til noko i lønsoppgjeret og skreiv fråverande på eit papir

I love Utdanningsforbundet

Eg smurte meg inn med krem og syltetøy

la meg

lom ein lekkerbisken på golvet og klynka lågt

laug om eit rikt grågåstrekk utanfor vindauget

aa nokon nyleg var døde

men klokka viste 1824 og ho var ikkje mi før om

femogtredve

og på femogtredve rekk du:

Vaska bort krem og sylte, kle deg, drikka kaffi

eta, kvila, legge eit la bjørk

la nykløyva kvile ved nasevingane

blåst bort neste dag som ein jingle av ein annan

slik ei sending forsvinn over møna

men er fast i henne og hennar

Fråverandre blikk om vi elskar på lett ettermiddag gudskjelovkvelden

Førti karar på Gardermoen ein onsdag kveld, førti ulike nederlag

April 22, 2015 § 1 Comment

Varaordføraren har på seg dressen kona kjøpte til han før dåpen til det første barnebarnet, ein engelsk stripa dress, eigentleg for fin til anledninga, men anledninga kan ikkje bli finare. Han sit på Gardermoen og ventar på siste flyet heim og kosar seg med ein pils, berre ein. Han har vore i departementet og bede om meir pengar.

Varaordføraren ser seg rundt og blir brått merksam på at svær mange av dei andre karane i hallen liknar kvarandre – og på han. Dei går i dress, men ser ikkje ut til å vere vande til det. Dei har skinnjakkar, skinnfrakkar eller allversjakker over og ser resignerte ut. Dei må, som han, vere utsende frå ein kommune. Dei må, som han, ha vore i eit eller departement i Oslo og spurt etter pengar, meir hjelp eller ei klårheit ein aldri må tru at bur i eit departement. Fleire av dei, har, som han, gløymt å ta av besøksklistremerket dei fekk i vakta. Merka heng enno på blazeren eller dressjakka.

Litt fint, og, tenkjer varaordføraren. Han er nummer to i sin kommune, ein skugge, ein som blir tilkalla kvar gong ordføraren er sjuk eller bortreist og kommunen skal avduke eit minnesmerke over noko som har hendt for lenge sidan. Ein gong fekk han legge ordførarkjedet kring halsen og opne ei ny fløy på sjukeheimen, men dei opnar ikkje nye sjukeheimsavdelingar lenger no. Gamlingane døyr og andre folk flyttar ut frå kommunen ved kysten før dei rekk å bli gamle, før dei rekk rusta fast.

Varaordføraren har pilsen i handa og ser etter ein plass. Han nikkar til ein delegasjon som snakkar nordlandsdialekt og som ser heilt akterutseilte ut. Ikkje ei krone å hente til næringsutvikling, seier ein av dei.

Varaordføraren er komen til sine eigne. Han tek fram eit bordflagg med Fjorden kommune frå berganssekken sin og set flagget på det vesle bordet. Dei tek ein øl til og snakkar om kor umogleg alt er. Ikkje ein gong breiband kjem til å redda kommunane deira. Varaordføraren blir berre nedstemt.

Gate 22-26 på Gardermoen er ein dødens dal ein slik onsdagskveld. Alle karane er på veg heim med dårleg nytt eller ikkje noko avklaring i det heile. Varaordføraren ser på klokka, ein gong, to gonger. Fanden ta, han må springe og det er gate 19 det er snakk om, gaten som tek sju minutt. Han må heim. I kveld. Her har han ikkje noko å gjere og når folk ser helane på eit par Ecco-sko bortover korridoren, står det eit einsleg bordflagg igjen, eit minne om ein av dei mange som prøvde.

Superheltar, fjorden style

February 26, 2015 § Leave a comment

Du som skriv bygdebok og slik, seier varaordføraren når vi treffast ved bakehylla på kiwien.

Det er noko han vil.

Bygdeboka har ikkje særleg framdrift, og gjekk liksom på ein personleg smell da eg forsto at brua er kome for å bli og ferja aldri meir kjem tilbake i fjorden, så eg har ikkje klart så skrive dei siste ti åra av lokalhistoria. Og kanskje er det best til å venta til varaordføraren ikkje er bland oss lenger.

Jo, seier varaordføraren, og klør seg jamnt på psoriasisen oppå handa, eg fekk ein idé. Kanskje har vi feil image her i bygda. Kanskje heng det noko treigt og tungsinna over oss – eller måten folk ser oss på. Kanskje må vi gjere noko for å syna ei anna side, noko kreativt, noko nytt.

Og om så er? spør eg

Der kjem du inn. Du er jo ein skrivar og eg fekk idé om at vi må prøva gripa ungdommen, at bygda vår her ved fjorden blir kul for dei.

Kul? Kor har du lært det ordet, spør eg.

Har da vore rundt på ungdomsskulen og prøvd snakka litt vet inn i dei. Nokre i klassen sa at dugnad ikkje er kult, noko eg sjølvsagt ikkje er samd i, men eg lånte ordet. Korleis det enn er, tenkte eg at vi må gjere noko og eg har fått 200.000 kroner frå eit fond hos Innovasjon Norge til å laga liv i bygda, det var noko gamal bulyst-drit etter forrige regjering, noko Senterpartiet grein seg til. For dei pengane tenkte eg vi skulle få skrive ein serie bøker for barn og unge. Du veit, noko med superheltar, og dei må gjerne bu her ved fjorden.

Superheltar her ute?

Ja, det er vel ikkje så rart? Dei kan flyge og lande ved brygga ute ved fileten, ikkje noko aktivitet der no.

Kva skal dei gjere?

Noko spektakulært, til dømes få andre unge til å flytta heim, kanskje? At dei finn ei framtid og ein ektefelle og kjøper tomt på plassen dei kjem frå fordi superheltane har sagt det?

No ber du om mykje. Ikkje ein gong Batman kunne fått til dette.

Nei, men vi kunne jo prøvd? Eg har vore så fri at eg har varsla formannskapet om at du kjem og fortel litt kva du har tenkt på møtet i mars.

Mars er jo ikkje lenge til?

Superheltar handlar raskt, svarar varaordføraren.

Så no sit eg her og skissar og skriv. Foreløpig har superheltane sprengt brua og sett inn ei ferje på strekninga slik at dei kan flyga fritt over fjorden utan å kollidera i bruspennet. Dette er noko dei har gjort som sivilistar, før dei blir superheltar i kappe. Verka naudsynt at dei ikkje skal døy på side fem i den første boka av eit lågt bruspenn.

Eine superhelten var forelska i ei som heitte Melissa, men det strauk eg. Må ikkje vere for nær røynda. I staden la eg inn noko heilt ekstraordinært; at superheltane flaug til storbyen og henta ein biblotekar. Dei i blå kapper, ho i raud kåpe og dei sette henne inn i biblioteket. Etter dette var superheltane så nøgde at dei åt ein spesieal med ketsjup og sennep, to striper, på ferjekroa dei hadde gjenopna for å få seg litt mat.

Stort lenger er eg ikkje kome med karakterane, og eg tek ikkje mot innspel. Endring gjer for vondt.

Where Am I?

You are currently browsing the Uncategorized category at Heimflyttar's Blog.